Klimaforskarar på skuleturné

I mai og juni sender vi rundt ni unge klimaforskarar til skular i Hordaland.

I 2011 var Kikki Kleiven med på å trimme unge forskarar før dei skulle ut på skoleturné landet rundt. Prosjektet hadde namnet Generasjon Grønn, og Miljødirektoratet stod bak satsinga.

Kikki Kleiven er klimaforskar og styremedlem i Norsk klimastiftelse som brenn for formidling. Aller helst å inspirere ungdom til å velge ein veg i forskninga. No har ho tatt initiativet til ein ny skuleturné – i første omgang til vidaregåande skular i Hordaland.

Saman med Lars Henrik Paarup Michelsen i Norsk Klimastiftelse, tilbyr Kleiven og Bjerknessenteret no skulane å booke eit klimaforedrag på tampen av skuleåret.

Deltakere i skoleturneen på ett brett. Øverst fra venstre: Ingjald Pilskog, Mathew Stiller‐Reeve, Isak Slettebø Haldorsen, Morven Muilvijk, Annika Rødeseike. Nede fra venstre: Kristine Flacké Haualand, Leonidas Tsopouridis, Francine Schevenhoven, Mari Fjalstad Jensen og primus motor Kikki Kleiven.

Skuleturneen er ein del av prosjektet 2°C, som Bjerknessenteret og Klimastiftelsen har samarbeidd om i mange år. 2°C er eit populærvitskapleg klimamagasin som vert utgitt ein gong årleg, og tar utgangspunkt i siste forskning kring klimasystemet,  klimaløysingar og utvikling innan fornybar energi.

2017‐utgåva av magasinet er gratis tilgjengeleg som klassesett. I  tillegg kan skular i Hordaland no også bestille ein forskar på besøk, for eit foredrag om klima i verda i dag, om klimaforsking og om kva som skal til for å nå klimamåla.

Foredraga er ved unge skulerte forskarar på UiB, Uni Research og Bjerknessenteret, og passar for vidaregåande skuleelevar i naturfag eller geofag.

Lærarar i vidaregåande skular i Hordaland kan melde seg på her

Målet på sikt er å kunne tilby klimaforedrag til skular over heile landet.