Seminar: Klima, risiko og verdiskaping

26. september inviterer SKL og Norsk klimastiftelse til halvdagsseminar på Stord om klima, risiko og verdiskaping. Seminaret er gratis og ope for alle.

Tid: 26. september kl. 12:30 – 15:30 (servering frå kl. 11:30)

Stad: Hovudkontoret til SKL på Stord (adresse: Lønningsåsen 2)

PÅMELDING

Klimapolitikk og teknologi vil dei neste ti-femten åra snu opp ned på energimarknadene slik vi kjenner dei i dag. Fossile, sentrale og analoge løysingar vil erstattast av det fornybare, desentrale og digitale. I kraftsektoren vil gass og kull bli skvisa av stadig meir konkurransedyktig fornybar kraft og teknologi. I transportsektoren er forbrenningsmotoren under angrep frå batteri og hydrogen. Det grøne skiftet vil gi både vinnarar og taparar. Nøkkelen er å forstå omfanget og farten i endringane.

På seminaret får du oppdatert kunnskap om det grøne skiftet – om trendar og drivarar. Vi spør:

  • Kor raskt vil skiftet frå fossil til fornybar gå?
  • Kva risiko representerer det grøne skiftet for Noreg?
  • Kvar ligg dei største moglegheitene for ny verdiskaping?
  • Korleis posisjonerer næringslivet i Sunnhordland seg for overgangen til ein fossilfri økonomi?

Meld deg på: