#Klimakvarteret: Økonomi er svaret på klimakrisa

Fredag 3. desember kl. 12:00 inviterer Norsk klimastiftelse til et digitalt #Klimakvarter. Tema: Økonomiens rolle i klimakampen.

Informasjon
Tid
Sted
Strømmes på nettet

Skal verda nå målet om å avgrense den globale opphetinga til 1,5 gradar må vi få slutt på alle menneskeskapte klimagassutslepp innan 2050. Det er bodskapen frå FNs klimapanel. Som samfunn skal vi gjennomføre ein transformasjon raskare enn vi nokon gong har gjort før i historia. Endringane inneber at vi skal gå frå fossil til fornybar energi, bli meir energieffektive, slutte å sløse med naturressursane, få nye vanar, endre haldningar og mykje meir. Det store spørsmålet er: Korleis får vi dette til på ein rask og effektiv måte?

Forskingsdirektør Linda Nøstbakken hos Statistisk sentralbyrå (SSB) kjem til #Klimakvarteret for å svare på dette spørsmålet. Ho vil presentere økonomiens betyding når verda skal mot nullutslepp.

Nøstbakken vil også svare på desse spørsmåla:

  • Bør forureinar alltid betale for utslepp av klimagassar – uansett kven dei er og kvar dei bur?
  • Skal politikarane ignorere at klimaavgifter kan vere upopulære?
  • Finst det gode døme på land som har lukkast med økonomiske verkemiddel for å få ned klimagassutsleppa?

På slutten av foredraget vil Nøstbakken svare på spørsmål frå tilhøyrarane. Spørsmål kan enten sendst på e-post i forkant til post@klimastiftelsen.no (merk «Klimakvarteret») eller sendast inn under sjølve presentasjonen.

Kva er #Klimakvarteret?

I 2021 vil Norsk klimastiftelse sende 15 #Klimarkvarter. Det er eit 15 minuttars digitalt forskarforedrag om it tema knytt til klimaendringar eller klimaløysingar.

Sjå tidlegare sendte Klimakvarter.

#Klimakvarteret er ein del av klimaformidlingsprosjektet <2C. Prosjektets formål er å nå breitt ut med oppdatert og truverdig klimakunnskap. I tillegg til #Klimakvarteret består <2C-prosjektet av tograder.no, temanotat, <2C Skule og statistikksida Klimavakten.

Klimastiftelsens faglege samarbeidspartnarar i <2C-prosjektet er Bjerknessenteret for klimaforsking, NHH, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.

Forskingsrådet har gitt støtte til #Klimakvarter i 2021.

Fant ingen felt.

Program

Økonomi er svaret på klimakrisa

Forskingsdirektør Linda Nøstbakken hos Statistisk sentralbyrå (SSB)