Som del av Klimafestivalen §112 inviterer Norsk klimastiftelse og Bjerknessenteret for klimaforsking til foredrag og debatt i Bergen om 2020-talet – det avgjerande klimatiåret.
2020 markerer starten på eit avgjerande tiår. I løpet av desse ti åra må Noreg og verda sjå ei markant omstilling av samfunnet, med omfattande kutt i karbonutslepp om me skal ha sjanse til å nå måla i Parisavtalen.
Me tar debatten og har med oss:
- Frøy Gudbrandsen, sjefredaktør for Bergens Tidende
- Tina Bru, stortingsrepresentant for Høyre
- Eigil Knutsen, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet
- Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar for Norsk klimastiftelse
- Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret
Kvelden startar med eit tilbakeblikk på dei ti åra som har gått. I tidsrommet frå Jens Stoltenberg sin nyårstale i 2010 til Erna Solberg sin tale for eit par veker sidan, er oppfattinga av klimaendringar gått frå noko diffust i framtida, til klimaendringar som er her og no. I løpet av det siste tiåret har ekstremvær vorte vanleg, både i ordbruk og som fenomen.
Asgeir Sorteberg, professor i meteorologi ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret tar oss gjennom tiåret sett i eit vær og klimaperspektiv, medan Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar for Norsk klimastiftelse tar oss med gjennom klimadebatten dei siste ti åra.