Klimakunnskap til jul

Norsk Klimastiftelse har sendt Framskrittspartiet tilbud om kjøp av 2°C.

I utkastet til nytt partiprogram for 2013-2017, skriv Framstegspartiet at menneskeskapte klimaendringar er vitenskapleg «omdiskutert». Dette til tross for at forskarane blir stadig sikrare på at klimaendringane er menneskeskapte.

Framstegspartiet etterlyser samtidig meir klimakunnskap i programutkastet:

«Det vil være særs viktig at vi prioriterer å søke kunnskap om årsakene til klimaendringer som er basert på forskning og fakta».

Norsk Klimastiftelse har i dag sendt partileiinga ved Siv Jensen og Ketil Solvik-Olsen tilbod om kjøp av 100 eksemplarar av 2°C – den nye forskingsbaserte klimapublikasjon som presenterer oppdatert kunnskap frå klimavitenskapen på ein enkel og nøktern måte. 2°C er utarbeida i samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking.

Vi oppmodar forøvrig alle parti om å besille klimapublikasjonen 2°C til sine tillitsvalde.

Gå til bestillingsskjema

 

Les meir om 2°C: