Grøn agenda Vestlandet: Korleis oppnå klimakutt og meir verdiskaping?

Korleis kan arbeidet med utsleppskutt bidra til vediskaping og fleire arbeidsplassar? 23. januar inviterer SKL, BKK og Norsk klimastiftelse aktørar frå næringsliv, industri og politikk til halvdagsseminar om grøn verdiskaping på Vestlandet. Seminaret er gratis.

Påmelding

Meir om temaet

Klimapolitikk og ny teknologi er i ferd med å snu opp ned på energimarknadene slik vi kjenner dei i dag. Det fornybare, digitale og desentrale overtek der fossil energi tidlegare dominerte. I kraftsektoren vil gass og kol bli skvisa av stadig meir konkurransedyktig fornybar kraft. I transportsektoren er forbrenningsmotoren under angrep frå stadig meir effektive batteri – og kanskje kjem hydrogen?

Det grøne skiftet vil gi både vinnarar og taparar. Nøkkelen er å forstå omfanget og farten i endringane. På seminaret møter du aktørar frå ulike sektorar. Vi spør:

  • Kor raskt vil skiftet frå fossil til fornybar gå?
  • Kva endringar står norsk økonomi ovanfor?
  • Korleis posisjonerer næringslivet på Vestlandet seg for overgangen til ein fossilfri og digitalisert økonomi?
  • Kva potensiale har nye prosjekt i regionen for verdiskaping og arbeidsplassar?

I tillegg blir det presentasjonar av konkrete verdiskapingsprosjekt på Vestlandet – med analysar av potensielle ringverknadar for regionen.

Det vert sett av rikeleg med tid til pausar og mingling.

Møtet finn stad i SKLs hovudkontor på Leirvik, Stord.

Velkomen!