Vegen til null og det politiske ansvaret

Kva skal til for at Noreg skal nå målet om klimagass- utslepp ned mot null i 2050? I ein serie med tre ulike innfallsvinklar; det personlege engasjementet, næringslivets utfordringar og det politiske ansvaret ser vi nærmare på kva som må setjast i verk av tiltak, kva som må ofrast, ja kva som skal til for at vi faktisk får ei reell forandring til det betre for kloten og klimaet.

Informasjon
Tid
Sted
Litteraturhuset i Bergen

Med Nikolai Astrup, Lars Haltbrekken, Katrine Nødtvedt og Martin Larsen Hirth.

Det einskilde mennesket og næringslivet kan gjere sitt. Men dei tiltaka som faktisk kan endre på den klimakrisa vi no står oppi, det verkelege ansvaret, ligg ikkje det hos politikarane? Nikolai Astrup (H), Katrine Nødtvedt (MDG) og Lars Haltbrekken (SV) kjem for å svare for seg. Ordstyrar er journalist i Bergens Tidende Martin Larsen Hirth.

90/60,- (stud.)

Kjøp billett her